Spike's blogg

Blogg





Hos oss blir det litt treningsstopp med gjeting pga mykje snø. Men det bekymrar meg ikkje, for på siste treninga før snøen kom overbeviste Hedda meg om at ho er verdt å satse på som gjetarhund :)

Usikker hund

Som die fleste sikkert har fått med seg var Hedda veldig usikker og var når eg fekk ho. Ho låg berre og trykte på sauene, men var for usikker til å gjete. Etter ei stund med mykje oppmuntring fekk eg ho til å trykke dei til meg, og etter fleire økter med oppmuntring fekk eg ho til å skjerme litt. Ei vledig stiv og anspent skjerming - men ho skjerma.

Me jobba vidare, oversåg unoter og oppmuntra skjerming. Etter mykje arbeid skjerma ho ok, men tolte ingen form for korrigering. Eit litt strengt "dekk" var nok til at ho kraup saman eller stakk opp i tunet. Eg var fleire gonger usikker på om det var verdt arbeidet, og korleis eg skulle fortsette. Det er begrensa kor lenge ein berre kan oppmuntre og ikkje korrigere unoter som å gå for nærme, sneie og inn i mellom bite.

Men etterkvart gjekk det sakte framover. Ho slapp seg meir og meir laus- og ein dag stakk ho t.o.m og byrja å gjete medan me var på veg ut på banen. Vanlegvis godtek eg ikkje det med hundane mine, men denne gongen berre gjekk eg i posisjon og starta økta. Kven har sagt at det ikkje kan vere positivt med litt ulydighet? :)

Frå den økta gjekk det jamnt framover. Eg kunne endå ikkje korrigere ho for hardt, men ho tolte ein litt streng "dekk" i oppgirte situasjonar, og ho tolte at eg grylte til ho om ho byrja å herje med sauene.

(Det høyres kanskje ut som at eg har eit mål om at hundane skal tole hard korrigering - men det er det på ingen måte. Men eg meiner at når ein trene gjeting må ein kunne stoppe hundane om dei t.d. jagar sauer feil veg eller vil bite sauene. Eg har endå til gode å sjå korleis ein lærer hundane det utan irettesetting... Når eg korrigerar, helst berre ved eit hardt rop, men og avogtil med eit napp i line eller klyping i øyret, så vil eg at hunden skal ta til seg irettesettinga, men ikkje bli redd meg.) Å trene ein hund som vil herje og bite, men som rømmer om eg iretteset er vanskeleg å trene i lengden...

Gjennombrotet

Som sagt gjekk det framover. Ho slapp seg fint på skjermingat, mangla det siste giret, men absolutt greit. Men eg sleit litt med utgangane. Ho gjekk litt trangt, og då ville eg stå mellom ho og sauene når eg sendte ho. Men ho ville ikkje ligge i ro medan eg gjekk frå ho, og stilte meg opp nærare sauene. Ho byrja på utgangen før ho skulle, og eg fekk ikkje stoppa ho med "dekk". Sa eg det i ein vanleg tone fortsette ho berre, og om eg heva stemma stakk ho av... Jobba ei stund med line, men fekk det ikkje til å fungere slik eg ville...

Men, på siste treningsøkt kom gjennombrotet! Eg prøvde ho på 8 halvville sauer som ikkje ville roe seg ned sjølv om dei kom inn til meg. Dei tok ut, og når hunden kom tundt snudde dei og tok ut i ein annan retning. Sjølv om hunden var på fin avstand frå sauene. Denne treningsøkta såg nok kaotisk ut for dei som ikkje kjente Hedda. Sauene sprang voldsomt - men det gjorde Hedda og :) Ho nølte ikkje eit sekund, men skjerma som ein helt. Kvar gong ho kom på riktig plass fekk eg ho nedpå med "dekk" - og så fort ho fekk beskjed spratt ho opp og ringa dei inn igjen. Gjett om det var ei blid jente som gjekk av banen :)

Før neste økt plukka eg og Spike vekk 4 av sauene og fekk roa dei pga det var andre unghundar som skulle trenast. Neste økt ville eg trene litt utgangar med Hedda - og gjett kva? Ho låg i ro til eg fekk stilt meg mellom ho og sauene - og ho gjekk rundt når ho fekk beskjed om det :)  Dette gjorde me fleire gonger, og ho låg fint kvar gong utan å bli usikker! :)

Endå er det mykje å plukke på både skjerming og utgang, men ho synte at ho kan sleppe seg laus og at ho ikkje er så usikker lenger! Ho er trass alt berre eit år. Og i ettertid har eg fått vite at faren var veldig forsiktig, og at det var først då han var 3 -4 år han tolte at dei byrja å dressere han. Så no synes eg absolutt me er i rute :)

I vinter skal me trene lydighet og gjere ho endå tryggare. Om me får mulighet til å trene gjeting skal me sjølvsagt det - men heime er det for mykje snø. Gjett om eg gledar meg til å jobbe vidare med frøkna :)

Å ja - eg skal snart legge ut nye bilete...



MiraOgHappy

20.november

så moro:)

BorderenChico

20.november

Så morro!!! :0) Nå ble jeg glad på deres vegne! :)

Mille

20.november

Dette var skikkelig morro å lese. Etter å ha holdt på så lenge med Frøya så fortjener du virkelig litt framgang.

NinaLibby

20.november

utrolig spennenede å øese om fremmgangen deres!