Spike's blogg

Blogg





Kva tid er det greit å omplassere/selje ein hund? Korleis veit ein om ein bør avlive eller oplassere ein hund? Kor lenge skal ein ha/trene ein hund somm ein ikkje får til?
Og - tek ein mest omsyn til hunden eller oss sjølve før me tek denne avgjerdsla?

Å finne den perfekte hunden er ikkje lett, sannsynlegvis umogleg. Å finne ein hund ein trives med, og som ein fungerar saman med er lettare. Men det er ikkje alltid like enkelt det heller. Og kva skal ein gjer med dei hundane som ein eventuelt finn ut at ein ikkje passar saman med? Behalde dei? Selje/omplassere dei? Avlive dei?

Svaret er nok veldig individuelt, og vil variere frå situasjon til situasjon. Sjølv har eg hatt mange hundar innom dei siste åra, dei aller fleste er omplassert. Grunnen til at eg har hatt fleire hundar er at eg leitar etter den "rette" hunden for meg, og delvis pga eg er komen over hundar som ingen har tru på men som eg vil gi ein siste sjanse.

Mange, særleg dei som ikkje kjenner meg, dømmer meg for å ha ein "bruk og kast" mentalitet - og for ikkje å vere glad i hundane eg har. Ingen her inne som har sagt noko slik, men eg tippar det er fleire som har vore innom tanken.

Eg har sjølv vore av den oppfatning at å avlive ein hund ikkje er noko ein gjer utan at den er alvorleg sjuk. Ein sel ikkje ein hund, utan veldig god grunn. Ein kan jo ikkje selje ein ven eller eit familiemedlem? Og hunden har ikkje godt av å skifte heim fleire gonger. Den knyttar seg så sterkt til folk at den kjem til å bli deprimert om den må flytte. Folk som sel og omplasserar hundar er kyniske og tek alt for lettvint på hundeholdet. Alle hundar kan trenast til å bli slik du vil.Osv osv.

 

Endra syn

Etter å ha kome inn i gjetarhundmiljøet har dette synet sakte endra seg. Dei siste 2 åra har eg fått ein del erfaringar som gjer at eg har endra syn ganske mykje. Men det har vore ein tøff prosess. Skal prøve å oppsummere/forklare kort:

Eg byrja med Spike då han var omlag 1 år. Alt for forsiktig og førarmjuk for svigerfar - så eg fekk overta han. Mange som meinte han ikkje kom til å bli brukande, kunne like så godt skyte han først som sist. Men eg hadde Spike mykje med meg, og fekk eit kjempebra forhold til han. Han er ein sterk, god og stødig brukshund no - og folk har tatt tilbake det dei sa. Ein bekreftelse på at å gi opp ein hund er dumt - med riktig trening går alt!

Etterkvart har eg forstått kor heldig eg var som fekk ein hund som passa meg så perfekt til førstegangshund. Hund nr 2, Queenie, fekk eg av ei veninne som skulle flytte frå gard. Hunden var 1 1/2, brydde seg ikkje om folk (minna om ein katt) og hadde ei formeining om at sauer var til for å bitast i. Hadde ho vel i 3-4 mnd før eg innsåg det blei for mykje for meg. Sosialt synes eg at eg hadde framgong med ho, ho slutta å gjeta bilar og fungerte som normalt i kvardagen. Men på sau var eg ikkje i nærheten av å ha erfaring nok til å trene ho på sau. Etter mange rundar med meg sjølv, gav eg ho tilbake til oppdrettar.  Han trena ho ei stund, før han solgte ho til ein bekjent. No fungerar ho som gjetarhund for ein som sit i rullestol, og han er godt nøgd med ho. Var det feil av meg å selje ho vidare? Burde eg behaldt ho?

Dvs eg gav ikkje Queenie bort, eg bytta ho med Ross som oppdrettar hadde kjøpt men ikkje hadde heilt kjemi med. Kan lese meir utfyllande om han over. Men og der fekk eg fram ein glad, livlig og sosial hund - men det stemte ikkje med gjetinga. Skulle eg hatt ein kose,- lydighet,- agilityhund - hadde eg aldri solgt Ross. Men eg fekk det ikkje til å fungere med han på praktisk arbeid med sau. Han vart solgt, og dei som har no er godt nøgd med han. Og Ross - han har det heilt topp som einaste hunden på garden, får vere med på alt og får all oppmerksomhet! Feil å selje han?

Etter dei 2 erfaringane med Ross og Queenie bestemte eg meg for å kjøpe kvelp som eg kunne prege sjølv. Kjøpte kvelp der eg kjente oppdrettar godt, og ikkje minst foreldra til kvelpen. Alle som har fulgt meg veit kven Frøya var. Dei veit og at heller ikkje det vart suksess.... Frøya fekk eg aldri skikkeleg tak på. På mange måtar hadde me god kontakt, men særleg i arbeid med sau bygde det seg opp ein frustrasjon hos ho som eg aldri greidde å løyse. Enden her var og at eg bytta ho mot ein annan hund, nemleg Hedda. Men å gi opp Frøya var tøft! Aldri har eg følt meg meir mislykka og innkompetent når det galdt hund og gjeting. Vurderte seriøst å kvitte meg med alt som heitte hund og begynne med hamster. Sjølvtilliten var på bånn. Han hadde Frøya ei stund før han solgte ho vidare. Ha som har ho no er ein dyktig gjetarhuntrenar - og han er kjempenøgd med Frøya. Frustrasjonen på sau er nesten heilt borte - og han brukar ho i dagleg arbeid med sau. angrar eg på at eg gav ho opp og bytta ho vekk? Nei - men eg angrar på at eg ikkje gjorde det før. Det hadde spart både meg og Frøya for mykje frustrasjon og negative treningsøkter. På slutten trur eg me braut kvarandre ned...

Med Hedda så stemte kjemien. Å ha med seg Hedda og Spike var bare heilt perfekt. Men etter fleire rundar med meg sjølv solgte eg ho og. Pga ho aldri ville fungere som gjetarhund heime pga ho ikkje toler mannstemmer. Men ho er solgt til eit par som brukar ho litt på sau og har ho som kosehund - ho kunne ikkja hatt det betre.  Om eg angrar?... Kan vel ikkje seie at eg angrar, for eg veit ho har det topp der ho er no... Men om eg saknar ho og skulle ønske det hadde fungert med ho her heime? - JA!

No er me i eit nytt dilemma. Siko som me har fått for å prøve om me får til, veit me ikkje kva me skal gjer. Kort fortalt så krev det enormt mykje arbeid for å få han til å bli ein middelmådig gjetarhund, han har eit høgt stressnivå, er utbrytarkonge og utagerar mot ein del andre hannhundar. Samtidig er han ein trygg, positiv, lærevillig og glad hund med ein enorm kapasitet. Vurderar å omplassere han til seriøse folk som kan ein del om slike hundar og som drive med ein aktivitet som han får bryne seg. Men veit om at eg vel feil folk, så vil han ikkje få noko godt liv... Så me veg for og imot avliving omplassering....

Kva alternativ har ein?

Som sagt, er trur alternativa er ulike for ulike folk, hundar og bruksområde. Eg skal ha ein hund som eg trives med, og viktigast av alt - som eg kan nytte i praktisk arbeid med sau. Difor kan eg ikkje ha ein hund som Ross - sjølv om han elles er ein av dei kjekkaste hundane eg har hatt. Var det då egoistisk av meg å selje han? Hadde han hatt det betre hos meg? Prøvde eg ikkje nok? Eit anna alternativ var å behalde han, og samtidig skaffe meg ein hund nr 3 som eg skulle ha til gjeting. Eg veit då at eg ikkje hadde fått nok tid til alle 3 - og i store deler av året ville Ross blitt nedprioritert pga eg måtte bruke dei andre til å jobbe med og trene på sau. Hadde det vore meir rettferdig mot han?

Og Hedda då. Var eg kynisk som valgte å selje ho istaden for å behalde ho. Me hadde jo veldig god kontakt, og ho blomstra jo i forhold til kva ho gjorde når ho kom. Var det rett og omplassere ho? Tolte ho å få nye eigarar ein gong til? Burde eg behaldt ho - eg kunne jo brukt ho i praktisk arbeid så lenge svigerfar eller sambuar ikkje var med? Dette grubla eg på - lenge. Det sat langt inne å bestemme seg for å selje ho. det er nok den tøffaste beslutningen eg har tatt angåande hund. Begrunnelsen var at eg trur det var betre for å bli hund nr 1 hos andre. Om eg hadde beholdt ho hadde ho ikkje fått vore med på ein del arbeid med sau der mannfolk var med (evt hadde ho vore med og blitt usikker i mange situasjonar.) Og det mest avgjerande var at eg selde ho til kjentfolk som eg veit behandlar ho skikkeleg, har ho mykje med seg og gir ho

Omplassering

Eg har sjølv meint, og veit at fleire meiner, at hundar ikkje har godt av å bli omplassert. Dei knyttar seg veldig til eigarane, og får psykiske skader/belastingar med å byte eigarar - iallefall etter dei er vaksne.

Dette kan nok stemme for nokre hundar - men dei trur eg er i fåtal. Ein vaksen hund som vert omplassert, tilpassar seg raskt ein ny familie og eit nytt liv. (Forutsatt at dei nye eigarane tek skikkeleg vare på hunden.) Dei fleste hundane er kanskje litt usikre eller sturar litt - men etter nokre dagar er dei like happy i sin nye heim. Ein del hundar blomstrar til og med opp. Ikkje for dei har hatt det vondt der dei var, men for at det nye livet passa dei endå betre. Ta Hedda for eksempel: Eg var spent på korleis ho reagerte på å bli omplassert, og til ein familie der det var mannen i huset som kom til å ha ho mest med seg. Ho var jo så sterkt knytta til meg! To veker etter dei overtok ho traff eg dei. Hedda var kjempeglad for å sjå meg, men når me gjekk frå kvarandre var ho ikkje i tvil om kven ho skulle følge. Eg var glad for at ho så tydleg trivdes med ny eigar, men må innrømme at langt inne stakk det bittelitt at ho hadde "erstatta" meg så raskt....

Menneskeliggjer me hundane litt mykje i slike situasjonar? Er det mest oss sjølv me tenker på når me seier at hundane er knytt til oss og ikkje "toler" omplassering?...

Skilnad p arbeidshundar og familiehundar?

Er det skilnad på kva kriterier og kor fort ein "gir opp" ein arbeidshund i forhold til ein familiehund? Ja, eg trur det... Om ein familiehund ikkje er så veldig god i agility, så er det ikkje så farleg - den kan jo framleis brukast til spor og lydighet, og den er snill med ungane. Men ein jakthund må kunne brukast til jakt, og ein sauehund må kunne brukast til gjeting.

På mange måtar så kan nok terskelen for å omplassere/avlive ein hund vere lågare i eit arbeidshundmiljø enn for dei med familiehundar. Det synes eg er greit, men det som er viktig er kva ein gjer med hundane som ikkje er gode nok. Å gå bak løa å skyte den, eller selge den til den første og beste på finn.no synes eg blir uansvarleg. Ein må gjer ei grundig vurdering av kva som er best for hunden vidare. Ikkje kva som er mest lettvint eller som gir mest penger inn - men hundens beste.

Bruk og kast

Det blei ein lang og noko rotete blogg dette... Meininga var å lufte tankane mine om emnet, og vil gjerne høyre kva sndre tenker om det same. Eg vil bare få presisere at eg på ingen måte er for noko "bruk og kast" miljø. Det er levande dyr me snakkar om - og same kva avgjersle me tek - så bør det vere til det beste for hunden.



ellbell

20.november

Jeg ser ikke noe galt i å omplassere en hund til et bedre liv. Særlig ikke når man driver med brukshund og er avhengig av at den fungerer til en bestemt ting. Det er mye værre at hunden da skal ende opp i hundegården som et irritasjonsmoment for eieren (noe vi ser mye av her jeg bor!). Senest i høst tok jeg til meg en herlig, liten mini-aussie. Forelska meg helt i han, men jeg så at livet mitt var for stressende for ham. Det var kjipt, og jeg tenkte mye på det i ettertid når jeg leverte han tilbake, men nå har han et godt hjem hos en familie han passet godt inn hos. Jeg tror det blir annerledes med familiehunder som omplasseres på finn fordi unga har gått lei eller den ble større enn du tenkte osv. Det synes jeg er uansvarlig og at eierne bør få en form for "rapp", selvom hunden mest sannsynlig vil få det bedre et annet sted. I utgangspunktet synes jeg løsningen er å gjøre det vanskelig å skaffe seg hund :) Da luker man bort alle de som virkelig bruker og kaster uten brukshundtanker i bakhånd.

clueless

20.november

jeg skjønner at hundeholdet ditt har vært preget av mye frustrajon over hunder som ikke har fungert til ditt bruk, og jeg beundrer deg for å ha tatt på deg såkalte "umuliguser". En liten tanke bare, som slo meg, var om du ikke kunne kommet bedre ut av det med en hund som allerede var trent på sau, og som var trivelig, altså en "ferdig" en? Etter så mye arbeid med hunder du ikke følte fungerte for deg så kanskje det ville vært en løsning verdt å tenke på? :) Synes dette var en god blogg om temaet, og en ny verden for meg som kun er vokst opp med hund som familemedlemmer.

Beauty1990

20.november

Jeg skrev en meningsblogg for lenge siden der jeg tok opp dette med BC og gjeting.. Da jeg mener at dette er et redskap for sauebønner... Eller Buskalseiere som det heter her. Da tok jeg opp dette med at "hvem" som helst ikke burde trene opp en gjeterhund med et godt gjeterinnstingt selv om man ikke er veldig gode i å trene hunder, egentlig burde man ha trenere med lisens som på andre ting der hunder brukes etter bruksområder, en jeger går ikke alene på fjellet med hunden sin og tror at den skal tenne på fugl alene fra den er 6 mnd, de er nødt å ha "en mentor" og en mentor for eieren til hunden som da igjen kan korregere eieren for at eieren skal finne de rette knappene for at hunden skal finne motoren i seg selv, å da kunne begynne å bygge opp selvtilitt på arbeidsoppgangen... Men da fikk jeg bare negativ pes, for alle er jo så flinke å lære opp en BC å bli en god arbeidshund... En hund uansett rase, uansett bruksområde har det ikke bra hos en person om kjemien ikke passer.. Er det ikke noe galt med hunden fortjener han en sjanse hos noen som setter lavere krav og dermed har en bedre kjemi. Er hunden syk, så er det ikke noe å gi videre , syk fysologisk eller mentalt... Da vil det bli en "vandrehund" men det er mine meninger da :)

NinaLibby

20.november

Flott blogg! Jeg tror ikke mentalt friske hunder tar skade av å bli solgt. Jeg kjøpte min som voksen, og den har aldri vist noe tegn til at det skulle være noe problem. Tvert om har vi fått den perfekte hund! :)

Mille

20.november

Jeg støtter deg fullt og helt i det du skriver og nei skal du ha hund som jobb om det er gjeting, jakt, førerhund, trekkhund eller hva det nå er så må det stemme mellom hund og eier og miljøet for øvrig. Det jeg reagerer på er nettopp det du skriver i begynnelsen at det er for lettvint å ta med hunden bak låven og skyte den når den ikke fungerer. Hunden kunne antagelig fungert i et annet miljø om den hadde blitt omplassert, men det tar tid å finne det riktige hjemmet. Vi menneskeliggjør nok dyrene våre og det er kanskje våre egne følelser som vi legger vekt på ved omplassering fremfor å se hundens enorme tilpasningsevne. Familiehunder, her synes jeg at situasjonen blir en annen, du må sammen med hunden finne ut hva dere passer til. Det er vi som plukker ut hunden til vår hobbyaktivitet og må ta konsekvensene om denne idretten ikke passer. Har man en veltilpasset familiehund og den ikke liker Agility feks. ta heller sjansen på å prøve en ny gren som rallylydighet eller flyball feks. Jeg synes det er stor forskjell på aktiv og hobbygruk av hund samtidig så er det heller ikke uvanlig at elghunder, jakthunder og gjeterhunder avlives fordi hunden ikke fungerer når eieren vil det, men da uten noe treningsgrunnlag. Jeg tror denne generasjonen hundeeiere er på vei ut, men det finnes en annen i avsidesliggende kroker i dette landet.

ninsert

20.november

Flott blogg! Er nok helt enig med deg jeg, så har igrunn ikke så mye å tilføye :-) "Bruk og kast" har det vært her også de siste årene, men det har vært til det beste for både to og firbeinte. Sambo "bytta ut" de 3 hundene han hadde med 2 nye i løpet av fjoråret, og jeg har "bytta ut" 2 mot 1 ny. Av de vi har nå er det bare Shira som var her for ett år siden. Alle hundene har fått nye hjem hvor de passer bedre inn/blir brukt mer enn her. Tøft er det, men til det beste for alle parter.